19 februar 2007
Mann 18: St.Svithun ungdomsskole
Etter å ha hatt suksess med leksikontrikset etter besøket til den forrige mannen, var det på tide å prøve det samme igjen. Denne gong lurte eg på kven St.Svithun var. Mann nummer 18 står på St.Svithun ungdomsskole på Storhaug, berre ti minutt unna der eg bur.
Sei kva du vil om leksikon som fortidslevning, men det er ein storarta ting. Svithun var ein engelsk biskop som døydde i Winchester (javel...) i 862. Relikvier av biskopen vart sendt til Stavanger (aha!). Domkyrkja i Stavanger vart truleg via til han i 1120-åra under biskop Reinald. Svithun er rikeleg omtalt i Wikipedia. Mykje norsk informasjon finn du på katolsk.no. St.Svithun skule vert pussa opp for tida, og skulegarden er full av utstyr. Kanskje er det ikkje lov å gå inn dit, men sidan alle stengsel var borte, trilla vi inn likevel. Skulen skal fiksast opp for 105 millionar kroner, og er prega av PCB, fukt og råte. Med slike problem er det ikkje rart at den rustne mannen har munnbind på. Han står i eit klasserom, men er lett synleg frå utsida, like til venstre for inngangsdøra. Den elendige zoomen på digialkameraet gjeg det vanskeleg å sjå han, men viss du trykkar ansiktet heilt inn i skjermen har du ein sjanse.
Kommentarar:
Jeg digger denne bloggen, absolutt en av mine favoritter! Også skriver du veldig lett og elegant. Håper du fortsetter å blogge under et annet konsept eller helt fritt etter at mann 23 er besøkt.
Legg inn en kommentar
<< Home
Rustne turar: Mann 2: Indre Vågen Mann 3: Strandkaien parkeringhus Mann 4: Rom for mer Mann 5: Valberget parkeringshus Mann 6: Arneageren Mann 7: Domkyrkja Mann 8: Kirkegårdsveien Mann 9: Statoil i Haugesundsgata Mann 10: Stavanger svømmehall Mann 11: Tinghuset Mann 12: Jens Zetlitz' gate Mann 13: Kjelvene Mann 14: Hetlandsgata Mann 15: Muségata Mann 16: Madlaveien Mann 17: Henrik Steffens gate Mann 18: St. Svithun ungdomsskole Mann 19: Kiellandsmyrå Mann 20: Lars Hertervigs plass Mann 21: Solvang barnehage Mann 22: Mosvannparken Mann 23: Stavanger kunstmuseum
Lenker: (www.stavanger-guide.com) Antony Gormley (offisiell heimeside) (kunstnaren bak Broken Column)
Kontakt: |