19 februar 2007
  Mann 18: St.Svithun ungdomsskole
Etter å ha hatt suksess med leksikontrikset etter besøket til den forrige mannen, var det på tide å prøve det samme igjen. Denne gong lurte eg på kven St.Svithun var. Mann nummer 18 står på St.Svithun ungdomsskole på Storhaug, berre ti minutt unna der eg bur.

Photobucket - Video and Image Hosting


Sei kva du vil om leksikon som fortidslevning, men det er ein storarta ting. Svithun var ein engelsk biskop som døydde i Winchester (javel...) i 862. Relikvier av biskopen vart sendt til Stavanger (aha!). Domkyrkja i Stavanger vart truleg via til han i 1120-åra under biskop Reinald.

Photobucket - Video and Image HostingSvithun er rikeleg omtalt i Wikipedia. Mykje norsk informasjon finn du på katolsk.no.

St.Svithun skule vert pussa opp for tida, og skulegarden er full av utstyr. Kanskje er det ikkje lov å gå inn dit, men sidan alle stengsel var borte, trilla vi inn likevel. Skulen skal fiksast opp for 105 millionar kroner, og er prega av PCB, fukt og råte.

Med slike problem er det ikkje rart at den rustne mannen har munnbind på. Han står i eit klasserom, men er lett synleg frå utsida, like til venstre for inngangsdøra. Den elendige zoomen på digialkameraet gjeg det vanskeleg å sjå han, men viss du trykkar ansiktet heilt inn i skjermen har du ein sjanse.

Mann 18, St.Svithun ungdomsskole:
Tilgang med barnevogn:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Denne rustne mannen som turmål:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Utsikt frå mannen:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug
 
Kommentarar:
Jeg digger denne bloggen, absolutt en av mine favoritter! Også skriver du veldig lett og elegant. Håper du fortsetter å blogge under et annet konsept eller helt fritt etter at mann 23 er besøkt.
 
Legg inn en kommentar



<< Home