18 februar 2007
  Mann 17: Henrik Steffens gate
Dette er nok eit dømt på at dei rustne jernkarane i Stavanger ikkje er plassert der utsikten er den beste. Løkkeveien er ein hard konkurrent til Haugesundsgata om tittelen som byens traurigaste gate. Den er konstant sterkt trafikkert. Rushtida der unnar eg ingen.

Photobucket - Video and Image Hosting


Søndag kveld er heller ikkje mykje å trakte etter. Sol avløyste regn og regn avløyste sol denne ettermiddagen, og då eg hadde komme meg opp til Løkkeveien og over gata, plaska det godt. Som du ser er ikkje bildekvaliteten spesielt god denne gongen (mobilkamera). Kameraet låg heime før det som skulle vere ein kjapp tur til byen. Men då medturisten sovna, nytta eg høvet.

Photobucket - Video and Image Hosting


Mannen i Henrik Steffens gate står til knes i asfalt og glor rett inn i ein vegg. Fem meter unna susar bilane. Med andre ord: Ikkje ein stad du kvilar kroppen. Men vi har vore der, det er det viktigaste.

Meir interessant enn den rustne stoppestaden, er namnet til gata. Kven var Henrik Steffens? Store Norske Leksikon (ei halvmeter unna i skrivande stund) fortel om eit interessant liv. Steffens var ein norsk/dansk/tysk naturforskar (1773-1845) som var fødd i Stavanger. Han studerte naturvitenskap og filosofi, og kombinerte interessene i bøkene sine.

Steffens blei sett på som ein rabulist i samtida si, og underviste blant anna i Berlin og Breslau. Kvart år vert det delt ut ein Henrich Steffens-pris ved universitetet i Kiel, prisen går til ein skandinavisk kunstnar. På Google kan du laste ned nokre av Steffens sine bøker, viss du vil det.

Mann 17, Henrik Steffens gate:
Tilgang med barnevogn:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Denne rustne mannen som turmål:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Utsikt frå mannen:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug