16 januar 2007
Mann 16: Madlaveien
Den forrige mannen hadde utsikt til sentrumstrafikken, og mann numer 16 står berre 100 meter unna. Denne karen står midt i han. Nokre få meter unna Madlaveien har jernskulpturen aldri ro, evig dømt til å høyre på utfartstrafikken.
Sjølv klokka 17 om ettermiddagen ein søndag er det mykje larm her. Som bildet viser, er det ikkje mykje sprekt å sjå dersom du dreg hit. Men det er kort veg til dei rolegare kvartala på Eiganes, og ikkje så langt til sentrum heller. Som attraksjon i seg sjølv er dette ei traurig oppleving. Sjølv om det blir fine bilder i skumringa, med lang lukkartid på bilane som susar forbi. Men, med på turen, det må han. Eg reknar med at det finst ein del stygge fotballbaner i England óg, for dei som valfartar til slikt. Stakkars folk i det gule huset, eg hadde blitt halvsprø av å ha ein fyr som konstant ser rett inn vinduet.
Kommentarar:
.
Legg inn en kommentar
Hei, hei :) Artig, liten blogg du hadde :) Hvor går turen neste gang, mon tro? Og forresten, de som bor i det gule huset, har de gardinene trukket foran vinduet, eller ser man rett inn til dem? Gleder meg til mer stoff fra deg:) << Home
Rustne turar: Mann 2: Indre Vågen Mann 3: Strandkaien parkeringhus Mann 4: Rom for mer Mann 5: Valberget parkeringshus Mann 6: Arneageren Mann 7: Domkyrkja Mann 8: Kirkegårdsveien Mann 9: Statoil i Haugesundsgata Mann 10: Stavanger svømmehall Mann 11: Tinghuset Mann 12: Jens Zetlitz' gate Mann 13: Kjelvene Mann 14: Hetlandsgata Mann 15: Muségata Mann 16: Madlaveien Mann 17: Henrik Steffens gate Mann 18: St. Svithun ungdomsskole Mann 19: Kiellandsmyrå Mann 20: Lars Hertervigs plass Mann 21: Solvang barnehage Mann 22: Mosvannparken Mann 23: Stavanger kunstmuseum
Lenker: (www.stavanger-guide.com) Antony Gormley (offisiell heimeside) (kunstnaren bak Broken Column)
Kontakt: |