16 januar 2007
  Mann 16: Madlaveien
Den forrige mannen hadde utsikt til sentrumstrafikken, og mann numer 16 står berre 100 meter unna. Denne karen står midt i han. Nokre få meter unna Madlaveien har jernskulpturen aldri ro, evig dømt til å høyre på utfartstrafikken.

Sjølv klokka 17 om ettermiddagen ein søndag er det mykje larm her. Som bildet viser, er det ikkje mykje sprekt å sjå dersom du dreg hit. Men det er kort veg til dei rolegare kvartala på Eiganes, og ikkje så langt til sentrum heller.

Som attraksjon i seg sjølv er dette ei traurig oppleving. Sjølv om det blir fine bilder i skumringa, med lang lukkartid på bilane som susar forbi.

Men, med på turen, det må han. Eg reknar med at det finst ein del stygge fotballbaner i England óg, for dei som valfartar til slikt. Stakkars folk i det gule huset, eg hadde blitt halvsprø av å ha ein fyr som konstant ser rett inn vinduet.

Mann 16, Madlaveien:
Tilgang med barnevogn:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Denne rustne mannen som turmål:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Utsikt frå mannen:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug
 
Kommentarar:
.

Hei, hei :)

Artig, liten blogg du hadde :)

Hvor går turen neste gang, mon tro? Og forresten, de som bor i det gule huset, har de gardinene trukket foran vinduet, eller ser man rett inn til dem?

Gleder meg til mer stoff fra deg:)
 
Veldig kjekt å se at du har tatt opp igjen tråden! Gjorde dagen min.
 
Legg inn en kommentar



<< Home