15 januar 2007
  Mann 15: Muségata
Det har gått knapt eitt år sidan den første rustne mannen vart besøkt. Eg var langt unna å klare alle statuane i løpet av min (romslige) farspermisjon. Men sjølv om denne sida har vore dårleg vedlikehaldt, er det ein del som klikkar seg inn på ho. Så difor, ein ny rusten mann.

Ikkje for det, eg hadde tenkt å besøke dei uansett. Det første høvet i 2007 baud seg då den andre turdeltakaren (som har blitt mykje større sidan forrige rustne mann ho såg) hadde sterkt behov for søvn ein søndag ettermiddag. Neste mann i rekka var eit takknemleg turmål: Muségata.

Denne mannen har utsikt mot sentrums mest trafikkerte rundkjøring. Den som vil seg sjølv vondt, bør prøve å kjøre ut av Stavanger sentrum ca. klokka 08. Får du ikkje antydning til magesår eller infarkt etter å ha komme deg ut av byen den vegen, har du jernhelse.

Som ein slags dørvakt til Stavanger Museum får den rustne mannen med seg alt som skjer der. Han er vel ikkje akkurat eit villdyr sjølv, men eg tippar at fleire godt berusa Våland-innbyggarar har fått seg ein støkk på veg heim frå byen, der den rustne mannen står og held eit stivt blikk på alle som kjem til å få ein vond morgondag.

Mann 15, Muségata:
Tilgang med barnevogn:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Denne rustne mannen som turmål:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Utsikt frå mannen:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug
 
Kommentarar:
Så hyggelig at du fortsetter! Har sjekket jevnlig...
Tidl. Stavanger-boer, nå på Østlandet
 
Legg inn en kommentar



<< Home