15 januar 2007
Mann 15: Muségata
Det har gått knapt eitt år sidan den første rustne mannen vart besøkt. Eg var langt unna å klare alle statuane i løpet av min (romslige) farspermisjon. Men sjølv om denne sida har vore dårleg vedlikehaldt, er det ein del som klikkar seg inn på ho. Så difor, ein ny rusten mann.
Ikkje for det, eg hadde tenkt å besøke dei uansett. Det første høvet i 2007 baud seg då den andre turdeltakaren (som har blitt mykje større sidan forrige rustne mann ho såg) hadde sterkt behov for søvn ein søndag ettermiddag. Neste mann i rekka var eit takknemleg turmål: Muségata. Denne mannen har utsikt mot sentrums mest trafikkerte rundkjøring. Den som vil seg sjølv vondt, bør prøve å kjøre ut av Stavanger sentrum ca. klokka 08. Får du ikkje antydning til magesår eller infarkt etter å ha komme deg ut av byen den vegen, har du jernhelse. Som ein slags dørvakt til Stavanger Museum får den rustne mannen med seg alt som skjer der. Han er vel ikkje akkurat eit villdyr sjølv, men eg tippar at fleire godt berusa Våland-innbyggarar har fått seg ein støkk på veg heim frå byen, der den rustne mannen står og held eit stivt blikk på alle som kjem til å få ein vond morgondag.
Rustne turar: Mann 2: Indre Vågen Mann 3: Strandkaien parkeringhus Mann 4: Rom for mer Mann 5: Valberget parkeringshus Mann 6: Arneageren Mann 7: Domkyrkja Mann 8: Kirkegårdsveien Mann 9: Statoil i Haugesundsgata Mann 10: Stavanger svømmehall Mann 11: Tinghuset Mann 12: Jens Zetlitz' gate Mann 13: Kjelvene Mann 14: Hetlandsgata Mann 15: Muségata Mann 16: Madlaveien Mann 17: Henrik Steffens gate Mann 18: St. Svithun ungdomsskole Mann 19: Kiellandsmyrå Mann 20: Lars Hertervigs plass Mann 21: Solvang barnehage Mann 22: Mosvannparken Mann 23: Stavanger kunstmuseum
Lenker: (www.stavanger-guide.com) Antony Gormley (offisiell heimeside) (kunstnaren bak Broken Column)
Kontakt: |