29 desember 2008
Mann 19: Kiellandsmyrå
Denne bloggen er i ferd med å bli bloggsfærens svar på Chinese democracy. Albumet til Guns´n´Roses var ein ståande vits i platebransjen i årevis, sidan plata vart snakka om i årevis og aldri kom ut. Men så: Hausten 2008 kom den i butikkane. Og her er eit nytt blogginnlegg.
Snart tre år er gått sidan den første rustne mannen vart besøkt. Nina som då låg i vogna, er no tre og eit halvt, og sjølvsagt heilt uinteressert i å trø byen rundt på jakt etter rustne menn. Heldigvis har eg ein erstattar klar: Linn på fire måndar vert trilla rundt i samme vogn som søstera. Kanskje vert denne artikkelserien avslutta før ho veks ut av vogna? Mann nummer 19 står på Kiellandsmyrå, bak det eine målet på fotballbanen. Eg har spelt ein fotballkamp der, eg trur det var vinteren 1998. Eit utspark unna ligg ei ganske hemmeleg offentleg tennisbane, og E39 durar like ved. Med andre ord: Ikkje den store turopplevinga for andre enn jernmenn-nerdar. Men både Vålandstårnet og Mosvatnet ligg like ved, to av dei store friluftsattraksjonane nær Stavanger sentrum. Kiellandsmyrå har ingenting med forfattaren å gjere. Ifølgje det ferske Stavanger byleksikon kjem namnet frå Gabriel Schanche Kielland sin eigedom i området. Frå 1956 til 1959 vart den brukt til søppelfylling.
Kommentarar:
Kjekt å se deg i gang igjen! Håper du når fram til de fire siste.
Legg inn en kommentar
Ellers synes jeg du skriver bra i Aftenbladet. << Home
Rustne turar: Mann 2: Indre Vågen Mann 3: Strandkaien parkeringhus Mann 4: Rom for mer Mann 5: Valberget parkeringshus Mann 6: Arneageren Mann 7: Domkyrkja Mann 8: Kirkegårdsveien Mann 9: Statoil i Haugesundsgata Mann 10: Stavanger svømmehall Mann 11: Tinghuset Mann 12: Jens Zetlitz' gate Mann 13: Kjelvene Mann 14: Hetlandsgata Mann 15: Muségata Mann 16: Madlaveien Mann 17: Henrik Steffens gate Mann 18: St. Svithun ungdomsskole Mann 19: Kiellandsmyrå Mann 20: Lars Hertervigs plass Mann 21: Solvang barnehage Mann 22: Mosvannparken Mann 23: Stavanger kunstmuseum
Lenker: (www.stavanger-guide.com) Antony Gormley (offisiell heimeside) (kunstnaren bak Broken Column)
Kontakt: |