29 desember 2008
  Mann 19: Kiellandsmyrå
Denne bloggen er i ferd med å bli bloggsfærens svar på Chinese democracy. Albumet til Guns´n´Roses var ein ståande vits i platebransjen i årevis, sidan plata vart snakka om i årevis og aldri kom ut. Men så: Hausten 2008 kom den i butikkane. Og her er eit nytt blogginnlegg.

Snart tre år er gått sidan den første rustne mannen vart besøkt. Nina som då låg i vogna, er no tre og eit halvt, og sjølvsagt heilt uinteressert i å trø byen rundt på jakt etter rustne menn. Heldigvis har eg ein erstattar klar: Linn på fire måndar vert trilla rundt i samme vogn som søstera. Kanskje vert denne artikkelserien avslutta før ho veks ut av vogna?

Mann nummer 19 står på Kiellandsmyrå, bak det eine målet på fotballbanen. Eg har spelt ein fotballkamp der, eg trur det var vinteren 1998. Eit utspark unna ligg ei ganske hemmeleg offentleg tennisbane, og E39 durar like ved. Med andre ord: Ikkje den store turopplevinga for andre enn jernmenn-nerdar. Men både Vålandstårnet og Mosvatnet ligg like ved, to av dei store friluftsattraksjonane nær Stavanger sentrum.

Kiellandsmyrå har ingenting med forfattaren å gjere. Ifølgje det ferske Stavanger byleksikon kjem namnet frå Gabriel Schanche Kielland sin eigedom i området. Frå 1956 til 1959 vart den brukt til søppelfylling.




Mann 19, Kiellandsmyrå:
Tilgang med barnevogn:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Denne rustne mannen som turmål:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Utsikt frå mannen:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug
 
Kommentarar:
Kjekt å se deg i gang igjen! Håper du når fram til de fire siste.

Ellers synes jeg du skriver bra i Aftenbladet.
 
Oppdaga akkurat bloggen din - gler meg til Mann 20. Håper Linn likar å gå tur!
 
Legg inn en kommentar



<< Home