25 juni 2006
  Mann 13: Kjelvene
Kjelvene er eit anonymt strøk i Stavanger, men kjem likevel alltid til å ha ein lyrisk klang for meg. Sjølv om eg fleire gonger har gått gjennom Kjelvene og kjent på fråveret av sjarm.

I midten av 1980-åra hadde fotballgalne ungar færre tilbod enn i dag. Dei store stjernene viste seg i EM- og VM-sluttspel, der NRK (som var einaste tv-kanal) sendte ein del av kampane. Ikkje alle. Tippekampen kvar laurdag var elles det einaste vi såg til levande fotball på skjermen. Landskampar vart ofte sende etter Kveldsnytt, seinare enn eg fekk lov til å vere oppe. I dag ryddar kanalane heile søndagskvelden for å vise Odd Grenland - Lyn.

I dette fråveret av fotball var bladet Boing godt å ha. Teikneseriebladet om fotball var høgdepunktet kvar 14.dag. Trekk fram namn som Jimmy Worth, Ben Leiper og Joe Pearson på neste vorspiel, og du får venteleg rikeleg respons.

No kjem poenget: Boing hadde postadresse Kjelvene i Stavanger. Festfotballen og dei utrulege redningane til Ben Leiper vil for meg alltid vere sterkt knytta til denne delen av Storhaug, sjølv om det ikkje kriblar i fotballfoten når du går gjennom det småtriste strøket.

Den rustne mannen på Kjelvene står like på vestsida av vegen til Hundvåg. Du får ikkje auge på han før du er ganske nær. Mannen er nok eit bevis på at Broken Column ikkje handlar om stasplassane i Stavanger, men stader kor vanlege folk går.

På bildet er Nina i full fart vekk frå mannen. Ho var glad for å sleppe ut av vogna, slik ungar gjerne er når dei har lært seg å gå.

broken column


Mann 13, Kjelvene:
Tilgang med barnevogn:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Denne rustne mannen som turmål:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Utsikt frå mannen:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug