19 juni 2006
  Mann 12: Jens Zetlitz' gate
DSCN0092Du ser sjeldan postkort frå Stavanger med motiv frå vestsida av sentrum. Ganske enkelt fordi det er noko av det styggaste i byen. Det kunne vore ei fin helling ned mot Breiavatnet og idyllen der. I staden er det plassert ei rekkje høge bygg, og ingen av dei inngår i byens topp 20 over ting det er verd å få med seg.

DSCN0091Hotell Atlantic er sjølvsagt eit unntak, men bak det tradisjonsrike hotellet er det stort sett trist. St.Olav-blokkene er høge, feite, blå og kvite, og ser ut som to gigantiske, vrengte baderom. Resten av St.Olav-strøket ser ut som eit avfolka Aker Brygge, minus sjøen og folkelivet. Eg har aldri forstått korleis butikkane i gata overlever.

DSCN0096Dei einaste eg har sett i strøket, er folk på veg til og frå jobb, til tannlegen eller til eit offentleg kontor, eller konferansedeltakarar på Clarion som tek nokre kjappe drag av ein sigarett mellom seminarpausane. St.Olav har stygge gatelykter, sjellause bygningar, kristen bokhandel og eit treningssenter. Alt dette ligg berre eit minutt unna brustein-kosen rundt Domkyrkja, og bryt med forestillinga om Stavanger som ein samanhengande idyll.

Og statuen? Han står med beina planta godt i bakken, og glanar inn i ein vegg. Stakkars mann. Vi tok bilder medan brisen senka kroppstemperaturen vår eit par grader. Og trilla deretter så fort barnevogna var i stand til.

Mann 11, Jens Zetlitz' gate:
Tilgang med barnevogn:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Denne rustne mannen som turmål:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Utsikt frå mannen:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug