09 juni 2006
  Mann 11: Tinghuset
DSCN0105Vi er gamle kjente. Den rustne mannen i trappa var på plass då eg gifta meg på tinghuset for drøyt to år sidan. Han står midt i trappa, på spranget mellom rettssal og kanskje dom i overetasjen, og fridomen i gata nokre meter lenger nede. Han ser advokatar, lovbrytarar, dommarar, uskuldige og påtalemakt haste forbi.

Eg veit ikkje kva kunstnaren Gormley tenkte då han plasserte ein mann her. Kanskje ville han leie tankane inn på dei store spørsmåla om soning og straff.

Eller kanskje tykte han berre det såg tøft ut med ein rusten mann mot den rutete glaset midt i trappa. I så fall hadde han heilt rett - den rustne mannen i tinghuset er den mannen som har passa best inn i omgjevnadane av dei eg har sett så langt.

DSCN0106


Mann 11, Tinghuset:
Tilgang med barnevogn:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Denne rustne mannen som turmål:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Utsikt frå mannen:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug
 
Kommentarar:
Liker bloggen!!
Men når jeg trykker på mann nr 12 på lista, får jeg ingenting. Not found. Har du ikke vært der ennå?
Dame, har bodd og trivdes i Stavanger før.
 
Grunna menneskeleg feil var lenka til mann nr 12 gal. No er det retta.
 
Legg inn en kommentar



<< Home