13 mai 2006
  Mann 9: Haugesundsgata
Haugesundsgata på Storhaug er vanskeleg å komme utanom for den som skal kåre den styggaste gata i Stavanger. Den rustne mannen som står her (på parkeringsplassen til Statoil-stasjonen), kjem til å krepere av eksosforgiftning. Han står i det sterkt trafikkerte krysset som slusar gjennom alle som skal til Hundvåg, og har dermed prima utsikt til bilkø opptil fleire gonger om dagen.

Landemerka i dei andre retningane frå mannen sin ståstad er som ein kavalkade over styggskap for auget: Det ganske nye BI-bygget, ein Statoil-stasjon og eit preglaust kvitt murbygg. Haugesundsgata er flankert av høge, stygge murhus som sender bilduren i ekko mellom kvarandre. Eit piggtrådgjerde, eit spygrønt fabrikkbygg og nokre triste trehus er også blant attraksjonane. Merkeleg nok vert denne gata aldri vist fram på turistbrosjyrane for Stavanger.

Men det skal Antony Gormley (kunstnaren bak Broken column) ha: Dei rustne mennene står ikkje berre på prydplassane i byen. Går du for å sjå alle, vil du sjå alle sider av Stavanger, ikkje berre dei trehuskoselege som byen likar å vise fram og bli assosiert med.

Men lenge treng du ikkje stanse ved den rustne mannen i Haugesundsgata.

Mann 9, Haugesundsgata:
Tilgang med barnevogn:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Denne rustne mannen som turmål:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Utsikt frå mannen:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug
 
Kommentarar:
Jeg ser det samme som mannen ser jeg. Som du ikke ser. Gå og besøk jernmannen en gang solen er på vei ned du, og skyene leker på himmelen over bybroen. Storhaugbarne skater og spiller basketball i Kjelvene.. ja, DA har jernmannen det faktisk ganske fint.
 
Legg inn en kommentar



<< Home