12 mai 2006
  Mann 8: Kirkegårdsveien
Ah, dette er ein favoritt. Viss du skal frå Storhaug til teateret, Eiganes eller politihuset, er det store sjansar for at du passerer den åttande rustne mannen. Han stå på fortauet som bind saman Storhaug og Lagårdsveien, ikkje langt unna politihuset.



Jernbanen er heller ikkje langt unna den rustne mannen. Men den rustne mannen har meir varige ting i kikkerten enn forbrytarar, bilar og tog. Han kikkar konstant på det vanskelegaste emnet av alle: Døden.

Klemt mellom trafikk og bustader ligg Lagård gravlund. Den er verdt eit besøk året rundt. Så snart du smett innanfor portane, forsvinn uroa frå vegane som omsluttar kyrkjegarden. Kyrkjegarden er ikkje stor, og eg går den samme vegen gjennom kvar gong. Likevel er det stadig nye ting å oppdage der inne.



Den rustne mannen ser langt innover kyrkjegarden, og held eit auge med grava også til dei som ikkje har andre som gjer det. Tippar statuen ser flott ut i skumringa. (Nina sov seg gjennom denne attraksjonen, som var den tredje rustne mannen vi såg denne formiddagen.)

Mann 8, Kirkegårdsveien:
Tilgang med barnevogn:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Denne rustne mannen som turmål:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Utsikt frå mannen:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug