11 mai 2006
  Mann 7: Domkyrkja
Ein kan seie mykje fint om Viking stadion, Oljemuseet, Rosenli 17 og Ledaal, men uansett: Domkyrkja er den vakraste og viktigaste bygningen i Stavanger. Difor er det godt at den er med i Broken column.



Samtidig ville det vore i drøyaste laget å sette ein rusten mann inne i kyrkjerommet. Nokre bygg må få stå i fred for den moderne kunsten. Dessutan ville nok symbolikken blitt tung å svelge for mange dersom ein hadde plassert ein rusten mann på til dømes preikestolen.



Den rustne mannen utanfor kyrkja har utsikt mot det Domkyrkjeplassen. For to år sidan vart Nokas rana her. For tida held grønsakshandlarane på plassen, og det skal dei gjere fram til oppussinga av Torget er ferdig.

Denne rustne mannen står langs vegen som kjem frå parken på austsida av Breiavatnet, og kikkar på bylivet i ly av eit tre. Prøv utsikten sjølv når du kjem den vegen, og ta ein pust før du traskar vidare mot kultur og butikkar.

Mann 7, Domkyrkja:
Tilgang med barnevogn:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Denne rustne mannen som turmål:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Utsikt frå mannen:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug