13 mai 2006
  Mann 10: Stavanger svømmehall
- Du kan ikkje ta bilde mot svømmebassenget, til det treng du eit spesielt løyve. Dei fleste som kjem for å ta bilder, tek plass oppe ved treningsapparata. Det gjer ein fin vinkel. Sjå her, ta på deg desse fotposane. (Den same typen som vert brukt på sjukehuset her i byen. Nokon er tydelegvis store innan fotposar.)

Eg visste at mange andre har tatt runden mellom dei rustne mennene i Stavanger, men det har aldri vore klarare enn akkurat her. Dama i resepsjonen på svømmehallen har rutine i å guide fotograferande på jakt etter rustne menn. Med Nina på armen og kamera i den andre trør eg meg langs kortsida og eit par steg opp i tribunen.

Frå bassenget legg du nesten ikkje merke til den rustne mannen. Han er delvis gøymd bak ein trenarbenk. Men sit du på tribunen, merkar du det godt viss du blir sitjande bak 195 cm stål i stram positur. Midt blant publikum på Nordsjøstevnet, og heilt åleine når pensjonistar, ungar og venninnegjengar slår seg laus i bassenget.

Det er nok dette dei meiner med tribuneslitar. Og ganske rett: Frå treningsapparata i andre etasje er det god utsikt, sjølv med ein utålmodig ettåring på armen.



Mann 10, Stavanger svømmehall:
Tilgang med barnevogn:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Denne rustne mannen som turmål:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Utsikt frå mannen:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug
 
Kommentarar:
Genialt konsept! Oppdagen bloggen din i dag, har lest om de 10 første jernmennene, og gleder meg stort til de 13 gjenværende.
 
Dette liker jeg! Hatt sansen for mennene siden de ble plassert. Lengter litt tilbake til Stavanger der jeg bodde i ti år.... Hurra for nynorsk blogg.
 
Legg inn en kommentar



<< Home