25 april 2006
  Mann 4: Rom for mer

Vis 4: Rom for mer i et større kart

Oppdatering 25/8-2012: Den rustne mannen har flytta frå Rom for mer. Les meir på Aftenbladet.no.

Den fjerde rustne mannen er ein gammal kjenning. Eg har fleire gonger sett han på nært hald. Nokon gonger inne i butikken, Rom for mer, som ventande medan andre familiemedlemmer kjøper inn ting til heimen på innsida. Denne gongen kom eg berre for mannen, ikkje salsvarene (sjølv om eg kom ut igjen med fire grøne koppar og 116 kroner mindre i lommeboka).

- Mange turistar spør om meir enn vi kan svare på, sa ho ved kassaapparatet. Den rustne mannen er det første du kjem til etter å ha opna døra. Eit skilt forkynner mannen sine utslett, og faren for å sjølv få raudfarge på jakka dersom du dultar borti. Betjeninga har hatt han i butikken så lenge at dei ikkje treng tenke på det problemet lenger - dei svingar automatisk utanom.



Mange ser ikkje at det er ein mann før dei er på veg ut, då dei ser hovudet som er vendt mot kassen. Han er ein tålmodig kunde. Ser nye trendar komme og gå kvart halvår, og godtek alt. Eller er han ein taus observatør som smilar litt skeivt mot alle som jaktar på lykka i fleire ting å fylle huset med?



Mann 4, Rom for mer:
Tilgang med barnevogn:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Denne rustne mannen som turmål:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Utsikt frå mannen:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug