25 april 2006
Mann 3: Strandkaien parkeringshus
Vis 3: Strandkaien i et større kart ![]() Parkeringshuset på Strandkaien er lett å finne, det ligg ikkje langt frå horestrøket og englandsbåten. Å komme inn i parkeringshuset er ei større utfordring. Første gong eg prøvde, var det stengt. Ein telefon til nummeret på utsida vart hjelpa. Det viste seg at p-huset berre er ope for vanlege folk klokka 7-9 om morgonen. På den tida er eg vanlegvis nedsylta i frokost og bleieskift, og ikkje klar for ekspedisjonar til motsett side av byen. ![]() Den rustne mannen der inne er eit slåande syn. Du ser han 100 meter inne i hallen allereie i det du kjem inn. Han står ca. ein meter frå veggen, som han kikkar rett inn i. Den kvite lyset og ekkoet frå skritt gjer det til ein minneverdig stopp i Gormley-vandringa. Opp med kameraet: Ny nedtur. Batteria var daude. Løysinga vart mobilkameraet. Resultatet var ikkje så aller verst, i det minste når bilda vert såpass krympa som her. Nina kikka med store auge. ![]()
Rustne turar: Mann 2: Indre Vågen Mann 3: Strandkaien parkeringhus Mann 4: Rom for mer Mann 5: Valberget parkeringshus Mann 6: Arneageren Mann 7: Domkyrkja Mann 8: Kirkegårdsveien Mann 9: Statoil i Haugesundsgata Mann 10: Stavanger svømmehall Mann 11: Tinghuset Mann 12: Jens Zetlitz' gate Mann 13: Kjelvene Mann 14: Hetlandsgata Mann 15: Muségata Mann 16: Madlaveien Mann 17: Henrik Steffens gate Mann 18: St. Svithun ungdomsskole Mann 19: Kiellandsmyrå Mann 20: Lars Hertervigs plass Mann 21: Solvang barnehage Mann 22: Mosvannparken Mann 23: Stavanger kunstmuseum
Lenker: (www.stavanger-guide.com) Antony Gormley (offisiell heimeside) (kunstnaren bak Broken Column)
Kontakt: |