13 februar 2006
Mann 2: Indre Vågen
Vis større kart I Vågen har du utsikt til det meste som betyr noko i Stavanger. Kielland-statuen, Domkyrkja, fiskehandelen, Cementen, horestrøket, torget, utestadane, Gamle Stavanger og englandsbåten. ![]() For tida blir heile sentrum pussa opp, og skal vere ferdig til sommaren. Den rustne mannen ytterst på kaia har heldigvis ikkje fått samme brutale behandling som resten av området - han står støtt og glanar ut mot sjøen. Han ser nesten til Natvigs Minde, der den vasstrukne kollegaen står. 13.februar 2006 var nok ein halvkald og grå Stavanger-dag. Med andre ord var det ingen andre som fotograferte den rustne og rake på kaien. Han vert nok nedsøla av øl og kebab i festivalsesongen, men på ein anonym mandag i februar står han tankefull og velpleidd. Det er nok ein ironi her ein stad: Medan Stavanger sitt gamle og mykje elska torg blir plukka frå kvarandre av gravemaskinar, held det nyaste innslaget stand. ![]() Dette ser Vågen-mannen på.
Rustne turar: Mann 2: Indre Vågen Mann 3: Strandkaien parkeringhus Mann 4: Rom for mer Mann 5: Valberget parkeringshus Mann 6: Arneageren Mann 7: Domkyrkja Mann 8: Kirkegårdsveien Mann 9: Statoil i Haugesundsgata Mann 10: Stavanger svømmehall Mann 11: Tinghuset Mann 12: Jens Zetlitz' gate Mann 13: Kjelvene Mann 14: Hetlandsgata Mann 15: Muségata Mann 16: Madlaveien Mann 17: Henrik Steffens gate Mann 18: St. Svithun ungdomsskole Mann 19: Kiellandsmyrå Mann 20: Lars Hertervigs plass Mann 21: Solvang barnehage Mann 22: Mosvannparken Mann 23: Stavanger kunstmuseum
Lenker: (www.stavanger-guide.com) Antony Gormley (offisiell heimeside) (kunstnaren bak Broken Column)
Kontakt: |