25 desember 2005
  På rustjakt i eigen by


Vi er vanedyr. Vi går den samme vegen til jobb kvar dag. Vi går på dei samme pubene og kafeane. Vi snakkar med dei samme folka i lunsjen, vi ser dei samme programma på tv kvar veke og vi et det samme til frokost kvar dag.

Så eg tenkte: Kvifor ikkje prøve noko anna? Ta steget bort frå dei faste stiane, om så berre litt. For eg bur jo i Stavanger, og sjølv om eg skulle ha farspermisjon i heile fem månader var det ikkje særleg aktuelt å ta med seg Nina (11 mnd) langt vekk til ein stad med mykje sol (som jo er populært), særlig ikkje når mor skulle jobbe.

Altså måtte vanane brytast i eigen by, og med ei lita jente i vogn som partnar. Det utelukka mange alternativ, men turgåing er ein fin aktivitet no som det blir vår.

Eg hadde sett mange av Antony Gormley (offisiell side) sine statuar som inngår i den permanente utstillinga Broken Column frå før. Desse statuane er rustne menn på 1,95 meter (litt høgare enn meg, og med atskillig meir rett ryggrad) som står plassert forskjellige stader i Stavanger. Det blei eit helsikes rabalder då det skulle avgjerast om dei skulle settast opp. Som så mange andre omstridte prosjekt, er det vanskelig å tenke seg byen utan det i dag.

Dei 23 statuane står alle i rimeleg gåavstand frå Stavanger sentrum, og frå Rosenli, der eg bur. Målet mitt var å sjå alle i løpet av permisjonen, og dokumentere det på denne nettsida. Broken column er ein slags oppfølgar til utstillinga Another Place (offisiell side), der Gormley stilte ut liknande rustne menn på Solastranda.

Statuane i Broken Column ligg i ulik høgd over havet, frå den lågaste i sjøen ved Natvigs Minde, til den høgste ved Rogaland Kunstmuseum. For å gje min ekspedisjon kunstfagleg tyngde, bestemte eg meg for å gå frå den lågaste til den høgste. 23 turar i alt, med Nina i vogna, gode sko/støvlar og min udødelege Nikon Coolpix 800 (anmeldelse på dpreview.com) i lommen.
 
Kommentarar:
Hei!
Flott blog som er morsomt å lese - og å følge med på hvordan du oppfatter neste plassering. Du kommer kanskje til å ha problemer med å finne H13 - Ring Rogaland Kunstmuseum for tips.
-EMS McG
P.s. Plassering nr. 12 har falt ut - håper dette kan ordnes.
 
Ja, det var litt feil koding. No er nummer 12 på plass i menyen til venstre.
 
Legg inn en kommentar



<< Home